torsdag, april 12, 2007

Nokre saksopplysningar

1. Eg likar mobil. Eg treng sjølvsagt ikke mobilen, eg kjem til himmelen på grunn av Jesus og ikkje mobilen, men. Eg LIKAR han. m\Mobil gjer livet lettare.
(Den siste tel kanhende ikkje alltid, men dét får vi ta ein annan gong)

2. Eg har kontaktar. Venner, familie, speiderane mine, speiderkontakter, neste-haust-kontaktar.. Dei er greie å ha. Greie å ikkje miste. då vert det så mykje styr.

3. Eg har knust glaset på mobilen. Slikt hender når du tøffer deg for gutane i vegen.

4. Enn så mykje eg likar mobilen min, har eg heilt sikkert fukta han. Fleire anleiingar: regn, svette, blod, tårer. Vasken på badet når eg dusjar.

5. Eg har ikkje full konto akkurat, og uansett lite lyst til å bruke penger på mobil.

Konklusjonen er: Mobilen min, som eg ikkje treng men treng litt likevel, har fått medfart og skrantar litt. Eg gruar meg til den dagen han ikkje lengre verkar i det heile. Eg er for treg og dum til å skaffe meg ein ny før den dagen.


kva gjer ein med slikt?

Etiketter: , , ,