lørdag, mars 24, 2007

O lykkelige skidag

I går var ein vidunderleg dag.

Skidag. Ein fiks idé i rom 110. Kan hende svirra ein liten tanke om ein gut som likar turski bakarst (evt framst) i hovudet. Skitur vart det i alle fall. Meg og Marthe skreiv oss opp.

Gjetord spreidde seg, og fleire tenkte same tanken. Skitur er tingen. Trekk er for dei kule og late.

Så. Tidleg på morgonen var vi avgårde, på veg mot Kvamskogen. Øyvind bak rattet, Marthe ved musikken og omluften. Mellings, Gard og eg i baksetet med opne vindauge. Mmm digg.

Vel oppe: Joakim Kvåle lærte meg å smøre med raudt over heile skisålen. Marthe, Solfrid Breistein og Kristin tok fellene fatt fyrst som sist. Det nydelege veret var verdt dét og. Arne Berge bar forresten pannekakerøra.

Herleg tur. Vi gjekk til Såta, leikte og brant bål. Var kule på veg ned att. Var kule heile dagen faktisk.

Bilete kjem på ein annan blogg. Eg kranglar med min.

2 Comments:

At 4:49 p.m., Anonymous Anonym said...

ååå, skitur er fint!
eg gleder meg til vi skal på fottur også! eg trur eg held på å bli biten av tur-basillen. bare til en viss grad, sjølvsagt. men dog.
takk for turen!

 
At 11:14 p.m., Blogger Solfrid said...

Eg gler meg til hytte-til-hytte-tur! (evt hyttetur;) )
mmm stiller du med sag og øks? eg fikser fyrstikker og rypemiddag - i dag har eg lært å flå kjapt og brutalt! kjære vene seier berre eg.. men. hehe.

Det blir en knalltur. Gler meg.

 

Legg inn en kommentar

<< Home