torsdag, oktober 05, 2006

endeleg

i dag våkna eg av ei farmor som ringte berre for å seie hallo og juhu. herlegt, eller kva? joda. kjekt det. noko av det meist sjarmerande med henne er at ho tek meldinga, "ååå, vekte eg deg? å nei og nei, det var verkeleg ikkje meininga.." men likevel held fram med "forresten, eg har sjalet ditt liggjande her nede.."
Eg venta rett fram å verte "litt" irritert, men då eg hadde lagt på, fann og ut at eg nett hadde vorte vekt på ein av dei beste måtane ein vekkas kan: mor (som er den offesielle tituleringa) på 81 år og 1 dag som ringer og pjattar og prater og er glad i livet. vakkert.

etter kvart sto eg opp, og det er dette eg forsøkjer å fortelje, peisen, den knitra så herlegt, og eg la ikkje merke til det før eg satt ved kjøkkenbordet med ein verkeleg feriefrukost med alt som høyrer til: ei skjeve med heimelaga bringebærsyltetøy, mjølka, raggsokkar, tabloid-bt (er det fleire enn meg som saknar det gode, gamle?), ein kaffikopp, då høyrde eg det, knitringa, peisen, pappa hadde fyrt opp, eller kanskje det var Lars Martin for den saks skuld, det var ikkje utenkjeleg - han har alltid vore ein kløppar med stikkene - og eg angra straks på at eg ikkje hadde sett meg i sofaen ved peisen og eg tenkte: no er det haust.

3 Comments:

At 4:12 p.m., Blogger Stine said...

Jepp! no vart da haust her i landet. I oslo e au hausten komt, men eg veit ikkje om eg lik han.

 
At 1:08 p.m., Blogger Solfrid said...

jeg så du slengte litt drit om regnet ja. jaja. har bare én ting å si: if you can't make it, fake it. evt get used to it. var på radøy og hoppet i regnet senest på fredag - du og flodhesten skulle vært der. jeg mener det, det hadde funket;) og det verste: du hadde likt det.

 
At 5:40 p.m., Blogger Stine said...

ja, det tror e på. e elskå å leike i regnet, men elskå alikavel ikkje regnet, hvis du skjønnå å e meinå. jaja, men regn e regn og e tålå det, har vel godt a det til og med. nå ska e snart på speidern.. snakkes.

 

Legg inn en kommentar

<< Home